Tale frå Stian til John-Erik
Kjære John Erik. Kjære Karine.
Dåke sitte her, vakre, pynta og fine.
Det er kjekt å væra sammen her i lag
Og det var ei æra å væra forlovaren din i dag.
Viss vi skrur kalenderen tilbake et stykke
Så møttes vi på jobb, eg gjekk med krykke.
Vi jobba på Secode i Arendal, eg gjekk med gips
Du hadde knekt samme ankel, litt chit-chat så vips!
Vi fant tonen kjapt, hadde kjemi og prata
Med samme ankelskade og ei viss interesse for data.
Vi hadde samme interesser, og det som sammenfalte mest
Var at vi begge likte data, damer og fest!
Vi blei gode kameratar med samme sinn
Og du blei like kjær for meg som lap-toppen min!
Så flytta du til øst, og eg til vest
Men kver gang vi møtes er livet ein fest!
Du har jobba i ferskvaren i ein dagligvarebutikk
Så når vi handlar har du alltid eit kritisk blikk.
Du eit kritisk blikk på grøntavdelingen, eg likar grandis eg.
Det kan vera eit lite helvete å handla med deg.
Eg er ein naturgeek som klatrar i vegg
Padling og sykkel, eg er klar som eit egg.
Eg står gjerne ned Killimanjaro på ski.
Din ekstremsport foregår på Nintendo Wii!
På basefarm i Nydalen har du funne ro
Og som prosjektleder ser du fram til å implementere Nintendo Wii TO.
Du og Karine har kjøpt leilighet i byens beste strøk
På Bjerke kjenner eg alltid at eg er velkommen når eg er på besøk!
Den æra å bli forlovaren din er lykke, glede og stress
Men her står eg nybada, lykkelig og i ny dress!
Full av beundring, ein ung og lykkelig kar
Gratulerer kjære brudepar!
Takk, John Erik, for at eg fekk vere forlovaren din
No svettar eg godt under dressen min.
Dåke er gifte, Karine og John Erik, dåke er i mål
-eg vil gjerne, som forlovar utbringe ein skål!